Gudsteneste Kristi himmelfartsdag

Kyrkja har igjen opna dørene. Dette gjeld også for gudstenester. Første gudstenesta etter kornonanedstenginga vert allereie no, torsdag 21.mai - Kristi himmelfartsdag kl 11.00. Prest vert Rune Minde

Gudsteneste Kristi himmelfartsdag

Det er plass til 50 personar på denne gudstenesta, i tillegg til dei som skal medvirka.  På grunn av smittevernreglane må alle (untatt par og dei i næraste familie), ha 1 meters avstand til kvarandre i benkane.  Vi nyttar annankvar benk og det er lagt ut informasjon i alle benkane om kvar du kan sitja – og kvar du ikkje kan sitja.

Vi har fått pålegg frå sentralt hald om å ha oversikt på kven som er tilstades.  Dette fordi vi ved eit eventuelt smitteutbrot skal kunna spora kven som har vore tilstades.   Vi har diskutert ulike løysingar på dette og kome fram til at vi kjem til å laga namnelister, der kyrkjevertane skriv opp dei som kjem.  Desse listene vert lagt i ein lukka konvolutt og innelåst i 10 dagar, for så å bli makulert.  Vi prøver i første omgang å unngå påmelding til gudsteneste over nettet.  Difor treng du ikkje gjera noko anna enn å koma som du er.  Og skulle det bli for fullt, får du ta det med godt humør og koma tidlegare neste gong.  Gudstenesta vert streama, så det er mogeleg å sjå den på nettet også.

Vi vil ha kyrkjekaffi utanfor kyrkja etter gudstenesta..  Ta med deg litt å bita i heimifrå. Vi spanderer kaffien.  Velkommen til gudsteneste.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"